Hemmelvær – TooRaLoo

Hemmelvær er den staden mange fiskarar ender når dei forlet tilveret her på jorda.
Dei som har farta på dei blå bylgjene mykje av tida si, vil ha noko anna enn svart jord som siste hamn.
I Hemmelvær er det lyst og lystig, der har uveret lagt seg for godt, og lufta er sval.
Teksten er skriven av Geir Remen og melodien er ein irsk trad.
TooRaLoo er eit folkband frå Vesterålen.
Gruppa har dette mannskapet: Leif Egil Barth (fele), Geir Remen (hovedvokal, gitar), Tim Challman (tinnfløyte), Viggo Berg (mandolin, gitar, vokal), Royer Martin Larsen (bass, vokal), og Tor-Håkon Gabriel Håvardsen (trommer).
Opptaket er gjort i Store studio i Bodø 2011 under teknisk leiding av Håvard Christensen, og med noko assistanse av Jens Sundbø.
Illustrasjonen er eit av dei mange vakre nordlandsmaleria av Peder Balke frå midten av 1800-talet.

Slik går sangen: «Te Hemmelvær blås det en vanskelig vind, men lura du Satan så seila du inn…»

Kvervel Records c 2012. All rights reserved.

TIDAL / WiMP http://listen.tidalhifi.com/album/89394451
iTunes / Apple Music https://itunes.apple.com/album/-/id1389788460
Spotify https://play.spotify.com/album/4OBI4YglDmbpWUqOYEUQ3V